Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag har hat sponsoravtaler med banken dei 2 siste åra.
Ny avtale ut 2010 er nå inngått med banken.
Skjåstaddalen Frilynde Ungdomslag får 50.000 kroner til lys og scene på ungdomshuset Haukly

Ungdomslaget fekk beskjed om at opphenget for lysa var ulovlige.
Etter at det datt ned 2 slike oppheng og skada folk, så kom det strengare krav til slike lysoppheng.
Det var 10 lausledninger fram til lysa som heller ikkje var heilt bra når man tenker brannsikkerhet.
Laget satte i gang og laga eit budsjett over det som måtte gjeres for å få på plass det nødvendige utstyret.
Prosjektet var først på ca 75.000 kr men no er det på 95.000 kr
Budsjettet auka fordi momsen ikkje var tatt med i første budsjettet.
Det har óg kome til ekstra arbeid for å få nok straum.
Sikringsskapet på scena hadde for lite kapasitet til det nye lysutstyret.
Her måtte det byttes til sterkere inntakskabel, 32 ampere eller meir.
Vi bestilte nytt utstyr og oppheng i begynnelsen av juni og 14 dager etter var
det kome til Bjørke.
No har vi kjøpt inn nye oppheng/multikablar,dimmer og styring .
Desse er no montert av ungdommen på dugnad.
Det gjekk fort unna når denne gjengen satte i gang.
4 dager etter var det jonsok,og vi fekk besøk av solist Venche Leite og gitarist Vidar Johan Vartdal.
Vi fekk då prøve det nye utstyret og det virka fint.
Ein kan no styre kvart lys seperat og dimme ned kvart lys etter ønska styrke.
Vi manglar ennå en del lys bake på scena.
Her må man helst ha lys med dioder (kalde lys)på grunn av varmen.
Det skal vere godt for dei som opptrer på scena.
Vi har og montert egen ventillasjon på scena på Haukly.
No når vi fekk lysa 3 meter vekk frå scenekanten så blir det godt å vere på scena.
Ein slepp å bli kokt av varme frå lysa.
No er også ledningsrotet på scena vekk,då straumen går i multikabel.
Det blei ryddig på scena no.
Takk til Sparebankstiftelsen DnB NOR som gjorde det mulig for oss å få orden på
lysoppheng og lysstyring på Haukly.
Festing av opphengsveiarene på loftet.
Montering av lysoppheng i salen.
Ungdomen stilte opp og monterte lysopphenga.