Fylkesplan 2009 – 2012
HANDLINGSPROGRAM FOR KULTUR
Handlingsplan 2010
Innhald
Side
Hovudmål for kultursatsinga 4
Kvifor satse på kultur? 4
Kulturpolitikken i Møre og Romsdal 4
Kultur og næring – reiskap for regional utvikling 5
Innvandring og inkludering 5
Biblioteka 6
Friluftsliv, fysisk aktivitet og god helse 6
Nøkkelaktørane 7
Felles løft 7
HANDLINGSPLAN FOR 2010
Resultatmål 1 8
Resultatmål 2 9
Resultatmål 3 10
Resultatmål 4 11
Resultatmål 5 12
Resultatmål 6 13
Resultatmål 7 14
Resultatmål 8 15
Resultatmål 9 16
Resultatmål 10 17
Resultatmål 11 18
Bakgrunn og analyse
Hovudmål for kultursatsinga
Møre og Romsdal er ein levande, framtidsretta og dynamisk kulturregion der tradisjon, mangfald, nyskaping og verdiskaping går hand i hand, og der kultur er tilgjengeleg for alle.
Kvifor satse på kultur?
Trass auke i folketalet, er befolkninga i Møre og Romsdal aldrande. Det er ei særleg utfordring at fleire unge vel å flytte frå enn til fylket. Ei anna utfordring er rekruttering av arbeidskraft til offentleg og privat sektor.
Undersøkingar blant unge syner at sosiale og kulturelle møteplassar som skaper inkludering og der ungdom opplever å blir tekne på alvor er avgjerande for at dei unge skal sjå på heimstad og heimeregion som aktuell for å bli verande i eller flytte tilbake etter avslutta utdanning. Det er godt dokumentert at det er samanhengar mellom utvikling av livskraftige lokalsamfunn, region og bulyst hos unge og næringsutvikling. Tilrettelegging for ei positiv og ønska samfunnsutvikling fokuserer på at ei rekke samfunnsområde må prioriterast dersom vinnarsamfunn skal utviklast – bustad, arbeid, samferdsel, skole, barnehage og høve til friluftsliv og kulturell deltaking og oppleving. Rapportane er tydelege på at ei offentleg satsing på kultur og fritid er avgjerande element i ei heilskapleg tilrettelegging både den enkelte innbyggjar og næringslivet.
Kultur – berebjelke og reiskap for regional utvikling
Kulturpolitikken i Møre og Romsdal
Møre og Romsdal fylkeskommune sin kulturpolitikk tek utgangspunkt i den politikk Stortinget har vedteke for kulturell verksemd i brei forstand. Det overordna kulturpolitiske dokumentet er St.meld. nr. 48 (2002-2003) ”Kulturpolitikk fram mot 2014”:
Eit aktivt og engasjerande kulturliv er viktig både for individ- og samfunnsnivå. Ein dynamisk pulserande kultursektor som kommuniserer godt med breie brukargruppe er eit uunnverleg aktivum for landet. Kultursektoren er kjelde til kreativ inspirasjon, kunnskap og opplevingar for alle aldersgrupper – både for folk flest og for avgrensa grupper med særskilde interesser og behov.
Fleire stortingsmeldingar utdjupar kultursektoren med utfordringar,
strategiar og tiltak innan ulike kulturområde. Dette gjeld særleg:
St.meld. nr. 22 (1999-2000) „Kjelder til kunnskap og oppleving.
O m arkiv, bibliotek og museum”
St.meld. nr. 14 (1999-2000) ”Idrettsliv i endring”
St.meld. nr. 39 (2000-2001) ”Friluftsliv”
St.meld. nr. 16 (2003-2004) ”Leve med kulturminner”.
St.meld. nr. 25 (2003-2004) ӯkonomiske rammebetingelser for
filmproduksjon”
St.meld. nr. 39 (2006-2007) ”Frivillighet for alle”
St.meld. nr. 32 (2007-2008) ”Bak kulissene”
St.meld. nr. 23 (2008-2009) Bibliotek. ”Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid”.
St.meld. nr 24 (2008-2009) ”Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv”
Viktige nasjonale dokument er også:
Strategiplan. ”Skapende læring. Strategi for kunst og kultur i opplæringa 2007 –2010”, Kunnskapsdepartementet
”Kulturskolen. Utviklinga av de kommunale kulturskolene som gode lokale ressurssentra”
Nasjonalt senter for kunst og kultur i opplæringa og Norsk Kulturskoleråd 2009.
I løpet av 2010 vil det komme ei ny nasjonal utgreiing om kulturskulane si utvikling.
Fellesnemnarar i kulturmeldingane er eigenverdien kultur har for folk knytt til den kulturelle utfaldinga – aktivitet, oppleving, deltaking og eigenutvikling. Det blir også peikt på verdiar kultur har for samfunnsområde som folkehelse, kunnskap, kompetanse, verdiskaping og næringsutvikling.
Stortingsmeldingane støttar opp under Møre og Romsdal fylkeskommune sin klare strategi om breitt og likeverdig nettverkssamarbeid som avgjerande for
å lukkast på kulturområdet. Særleg blir det fokusert på verdien i det frivillige arbeidet som viktig samfunnslim og som dynamisk, demokratisk og kreativ kraft for å utvikle aktive og levande lokalsamfunn. Samarbeidet mellom profesjonelle krefter og amatørar er på same måte også viktig kraft i kulturarbeidet.
Stortinget vedtok i 2007 ei eiga kulturlov for det offentlege sitt ansvar for kulturverksemd. Dette understrekar at det er behov for eit aktivt partnarskap mellom Møre og Romsdal fylkeskommune og alle kommunane i fylket for å løfte kulturfeltet i Møre og Romsdal. Ved å stå samla og saman, og samarbeide med både frivillige og profesjonelle kulturkrefter, kan ein verkeleg sikre ny giv i Møre og Romsdal. Ambisjonen om eit samla og felles løft vil bli opplevd av innbyggjarane og lagt merke til ”utanfrå” dersom ein lukkast.
I Møre og Romsdal står naturomgrepet sterkt i definisjonen av kva kultur er. Dei naturgitte ressursane som fjord, hav, fjell, øyar og dalar i Møre og Romsdal er viktige for innbyggjarane i fylket. Det mangfaldige landskapet vi lever og bur i skaper identitet og er viktig arena for aktivitet, oppleving og rekreasjon. ”Jakta på det regionale mennesket” (Møreforsking i Volda, 2003) slår fast at unge vaksne i nøkkelstillingar i Møre og Romsdal oppfattar høve til friluftsliv som sentralt for trivsel og ønske om å bu i Møre og Romsdal. Naturen er viktig både å ta vare på og legge til rette for aktiv og berekraftig bruk til rekreasjon og friluftsliv for fastbuande og som ein viktig ressurs for reiseliv.
Kultur og næring - reiskap for regional utvikling
Kultur spelar ei stadig større rolle i forhold til næringsutvikling, innovasjon og verdiskaping. Dette er tema for St.meld. nr. 22 (2004-2005)
Kultur og næring.
Meldinga byggjer på tre hovudsynspunkt: For det første at kulturlivet i stor grad omfattar eigne verdiskapande næringar med relativ stor innverknad på norsk økonomi. For det andre at det ligg eit synergipotensial i eit fruktbart samspel mellom kultur og kulturnæringar og andre næringar. For det tredje at kultur og kulturbaserte næringar ofte er lokalt forankra og spelar ei viktig rolle i lokal og regional utvikling.
Mange kulturytringar og kulturbaserte næringar er stadbundne og må opplevast der dei er, andre opererer innanfor internasjonale nettverk og inngår i globale konkurransemarknader. Med dette utgangspunkt slår ein fast at ein aktiv politikk for å fremme kulturbaserte næringar føreset ei nær kopling mellom lokale, regionale, nasjonale og internasjonale strategiar. I eit framtidsretta innovasjonssystem inngår kultur som ein av fleire faktorar i nært samvirke med utdanning, forsking og næringsliv. Ei slik strategisk samhandling og kompetanseutveksling kan medverke til å utløyse omstilling og nyskaping både i næringslivet og samfunnet som heilskap.
Kulturminne og museum
Kulturminne og kulturmiljø er del av vår felles kulturarv. Mangfaldet av kulturminne og kulturmiljø skal forvaltast og ivaretakast som bruksressursar og som grunnlag for opplevingar og identitet. Kulturminne skal bevarast som kunnskapskjelder og som kjelder for opplevingar. Kulturminne er også av betydning for lokale og regionale samfunn sin attraktivitet som bustad og som turistattraksjonar. Musea er viktige kompetansesenter og medspelarar i kulturminnevernet.
Alle lokalsamfunn har kulturminne og kulturmiljø som er verdfulle og som kan gje grunnlag for opplevingar, kunnskap og verdiskaping. Verdiskapingsprogrammet og piloten Bud – Kristiansund har som mål å utløyse potensialet som ligg i kulturminne og kulturmiljø og medverke til kulturell, sosial og økonomisk utvikling i lokalsamfunnet. Kulturpolitikken blir såleis i samvirke med nærings-, innovasjons og kompetansepolitikken sentral i fylkesplanen si heilskaplege satsing.
Årleg går det tapt ei stor mengde kulturminne frå både eldre og nyare tid, anten gjennom fjerning/riving eller som resultat av inngrep og endringar. For å stoppe dette kulturminnetapet er det difor viktig at handlingsprogrammet legg opp til strategiar og virkemiddel for vernefagleg kvalitetssikra skjøtsel og istandsetting, samt berekraftig bruk og utvikling på kulturminna sine premissar. (jf. nasjonal mål for kulturminnevern i St.meld. nr. 16 "Leve med kulturminner".)
Biblioteka
Folkebiblioteka representerer store verdiar i lokalsamfunna: Lokale møteplassar for alle, kjelde til litteratur og andre media, kunnskapsbasar og viktige faktorar i utdanning og samfunnsdanning. Det moderne biblioteket er både lokalt og digitalt – og stiller krav både til lokalitetar, kompetanse, fysisk og digitalt innhald og ikkje minst tilgjengelegheit.
Alle skal ha rett til å møte gode bibliotek med variert tilbod av trykte og digitale kjelder, men realiteten viser at svært mange bibliotek i Møre og Romsdal manglar ressursar for å møte desse utfordringane. Møre og Romsdal fylke er eit utfordrande fylke i høve nettverk og fellesløysingar, og her ligg store utfordringar i logistikk og infrastruktur for å samordne dei ulike delane av biblioteksektoren. Også skolebiblioteka i fylket, spesielt i grunnskolen, har store utfordringar for å kunne fylle si viktige rolle som kjelde til lesing og informasjonsinnhenting.
St.meld. nr 23 (2008-2009) om Bibliotek har undertittel ”Kunnskapsallmenning, møtestad og kulturarena i ei digital tid”. Meldinga har sterk fokus på bibliotektenester til alle, biblioteket som møtestad, lærings- og kulturarena, på samarbeid og nettverk, og på det digitale perspektivet som grip inn i alle typar bibliotek. Signala i stortingsmeldinga er at sektoren er i utvikling, og dei skisserte tiltaksområda samsvarar godt med resultatmåla i fylkesplan for Møre og Romsdal.
Friluftsliv, fysisk aktivitet og god helse
60-70% av innbyggarane i Møre og Romsdal seier at eit godt tilrettelagt friluftsliv er avgjerande for deira fysiske aktivitet. Potensialet for å foredle denne ressursen er stort. Enkel tilrettelegging, samarbeid og betre skilting er tiltak som gir stor utteling både for fastbuande, næringsliv og reiseliv. I tillegg er dette ei investering i helsa til innbyggarane, både fysisk og psykisk. Å skape ei befolkning med god helse er grunnlaget for all verdiskaping, menneska er den viktigaste ressursen vår. Friluftslivet er ein del av eit systematisk folkehelsearbeid, og er ei investering i framtida. Kvardagstransport utgjer også ein viktig faktor for fysisk aktivitet, miljø, trivsel og helse. Den er dessutan avgjerande for tilgangen på kulturtilbod, anlegg og fritidsarenaer for alle grupper. Derfor er det viktig å gjere grep også for ein meir aktiv og heilskapleg nærmiljøtransport.
Innvandring og inkludering
Rekruttering av arbeidskraft er ei stor og avgjerande utfordring for vidare vekst og utvikling i Møre og Romsdal. Arbeidsinnvandring er avgjerande for å lukkast. Mange kjem til Møre og Romsdal, arbeider og reiser ”heim”. Få flyttar til med familie og slår seg ned. Språk er ein krevjande barriere for innvandrarar. Det er også viktig å utvikle sosiale og kulturelle møteplassar som kan inkludere arbeidsinnvandrarar slik at det kan bli attraktivt å slå seg ned i eit nytt land. Dette krev aktivt arbeid med haldningar for oss alle. Ei brei mobilisering av kulturlivet i Møre og Romsdal vil vere eit viktig tiltak i ein slik samanheng. Det same gjeld for inkludering av menneske frå andre kulturar som av andre årsaker har kome til Møre og Romsdal.
Nøkkelaktørane
Det er uråd å tenkje seg kulturaktivitet utan frivillig arbeid. Frivillig engasjement og innsats blir i for stor grad teke for gitt. Det er derfor ei utfordring for det offentlege å legge til rette gode rammevilkår for det som er sjølve grunnfjellet for fylket sitt kulturliv. Eit viktig mål er å utvikle ein meir offensiv og medviten frivilligpolitikk, der samspelet mellom kommunal sektor og frivillige organisasjonar står sentralt.
Kommunane må ha ei nøkkelrolle i ei fornya kultursatsing i Møre og Romsdal både som kulturaktør, samspelpart og tilretteleggjar. Mange kommunar brukar i dag mindre ressursar på kultur enn landsgjennomsnittet med den følgje dette har for utviklinga av kompetanse, tenester, tilrettelegging og kultursamarbeid. Kommunen må vere navet og den viktigaste nettverksaktøren. Kulturfeltet har stort potensiale i eit interkommunalt
perspektiv og for partnarskap i regional samanheng. Erfaringar med Kultursekken viser at det ligg kraft i å løfte saman. Forsking dokumenterer at kulturaktøren og kulturbrukaren i liten grad tek omsyn til kommunegrenser, men er oppteken av at kultur har fokus i eigen kommune og eige lokalsamfunn.
Felles løft
Kulturaktivitet, deltaking og oppleving i perspektiv av likeverd og inkludering for den enkelte, må stå i sentrum. Det er likevel avgjerande at frivillige, næringslivet, kommunane, fylket og staten samarbeider for å utvikle og styrke infrastrukturen med kompetanse, tilrettelegging og utbygging.
For å skape ein ny giv for kulturlivet i Møre og Romsdal må fylket og alle dei 36 kommunane auke innsatsen saman – samtidig. Nøkkelen ligg på fire nivå:
·
styrke det samarbeidet som kommunal sektor har med frivillig
verksemd og kulturinstitusjonane lokalt
·
styrke samarbeidet mellom kommunane
·
styrke samarbeidet mellom kommunane og fylket
·
økonomisk spleiselag mellom ulike aktørar; stat, fylkeskommune, kommune og frivillige lag og organisasjonar
Forventningar til staten
Fleire av innsatsområda krev statleg medverking i form av nysatsing i
Møre og Romsdal.
Dette gjeld med utgangspunkt i handlingsplan for 2009 og må finne si
løysing i planperioden:
·
Investeringar i kulturbygg: Operafunksjon
i Kristiansund, nybygg til formidling og gjenstandsmagasin ved både
Romsdalsmuseet og Nordmøre museum og Fyrmuseum i Volda.
·
Vidareutvikling av barneteater i Ålesund i regi av Teatret Vårt.
·
Nasjonal etablering av senter for kulturproduksjon i Volda for
produksjon til Den kulturelle skolesekken i Norge gjennom fast
etablering i forlenging av prosjektet SEANSE.
Skal ein lukkast, er det avgjerande at ein med utgangspunkt i fylkesplanen for Møre og Romsdal, arbeider aktivt både administrativt og politisk overfor Kultur- og kyrkjedepartementet, Familie- og kulturkomiteen på Stortinget, dei politiske partia og Mørebenken.
RESULTATMÅL 1:
For å styrke rammevilkåra for frivillige kulturaktørar som er med på å utvikle attraktive og aktive lokalsamfunn, må vi skape Noregs mest offensive frivilligpolitikk saman med kommunal sektor.
Det gode livet i lokalsamfunnet vert skapt i samarbeid mellom kommune og innbyggarar. Frivillig sektor tilfører det norske samfunnet store verdiar i form av til dømes demokratibygging, trivsel, folkehelse, mangfald og integrering.
Gjennom prosjektet ”Frivillige organisasjonar i samfunnsbygginga” og drifting av kommunenettverk med tema frivillig arbeid, er det dokumentert ein del av dei utfordringane og gevinstane som kommunar og frivillige organisasjonar kan ha ved å skape dialog og samarbeide betre. Erfaringane skal danne grunnlaget for Møre og Romsdal fylkeskommune si samhandling med frivillig sektor og arbeidet med å støtte kommunane i samfunnsplanlegginga.
Fleire kommunar i Møre og Romsdal er i ferd med å utvikle modellar for samhandling og partnarskap mellom det offentlege og dei frivillige organisasjonane.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
1.1 Gjennom k
urs og informasjonsverksemd er kommunane stimulerte til å utvikle frivilligpolitikk
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
KS
|
1.2 Utgreie og førebu to pilotar:
1) Kompetanseheving i organisasjonane
2) Inkludering gjennom frivillige organisasjonar
|
Frivillige organisasjonar
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
1.3 Gjennomføring og drift av Frivilligforum på fylkesnivå. Frivilligforum er ein møtestad mellom frivillig sektor, KS og Møre og Romsdal fylke og er ein arena for kompetansebygging og dialog
|
|
1.4 Det er gjort forarbeid med tanke på å etablere eigne frivilligsider for frivillige organisasjonar, kommunesektoren og Møre og Romsdal fylke.
|
|
1.5 Utgreie prosjektet ”Det er kult å vere frivillig” (jfr. Flaggsak 4).
|
|
1.6 Iverksetting av tiltak i frivillighetsplan for Møre og Romsdal
|
|
1.7 Arrangere fylkeskulturkonferanse med tema frivillig arbeid
|
|
Budsjett for resultatmål 1 i 1000 kr
|
|
|
|
RESULTATMÅL 2:
For at den samla kompetansen i den kommunale kultursektoren skal auke samanlikna med 2008, må vi etablere eit system for samhandling mellom aktørane.
Det er behov for å høgde kompetansen på kulturområdet i heile kulturnettverket. Dette kan gjelde område som til dømes næringsutvikling, frivillig arbeid, bibliotekverksemd og kulturvern. Arbeidet med kompetansebygging må forankrast i kommuneleiinga og vil vere eit samarbeid mellom kommunane og Møre og Romsdal fylke.
Kommunane har ei avgjerande rolle i arbeidet i fylket sitt kulturnettverk, både som kulturaktør, samspelar og tilretteleggar. Kulturfeltet har stort potensiale for samordning i eit interkommunalt perspektiv. Eksempel på dette er Søre Sunnmøre kulturleiarforum og Kultur Nordmøre. Det er ei utfordring å gje kulturskulane nye utviklingsoppgåver i kommunane.
Kulturskulen er utdanningsaktør, formidlar og kompetansebase, og står sentralt i oppvekstmiljøet med relasjonar til skule, barnehage og det frivillige kulturlivet i kommunen.
Gode resultat krev gode lokale prosessar – ikkje minst vil dette vere viktig i arbeid med kulturplanar og spelemiddelsøknader. Dei unge sin medverknad må ha ein sentral plass.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
2.1 Det er etablert kulturregionsamarbeid i heile fylket.
Naturlege geografiske einingar samarbeider meir om kulturtiltak og kompetansebygging
|
|
2.2 Kommunane vert oppfordra til i sine planer å gje kulturskolane utviklingsoppgåver på kulturfeltet. Den einskilde kommune bør utvikle ein handlingsplan for korleis kulturskolen i tråd med statlege føringar skal utvikle seg som ressurs og kompetansesenter på kulturområdet
|
|
2.3 Gjennom piloten kultursekk i barnehage vil kulturskulane
i dei 9 kommunane samhandle med fylkeskommunen om kompetanseheving
|
|
Budsjett for resultatmål 2 i 1000 kr
|
|
|
500
|
RESULTATMÅL 3:
For å sikre at innbyggarane i Møre og Romsdal har tilgang på eit mangfald av lokale, anlegg, arenaer, areal og landskap, skal vi utarbeide ein samla strategi for idrettsbygg og eit nettverk av turstiar.
Under dette resultatmålet er det viktig å legge det gjennomgåande perspektivet universell utforming til grunn i einskildsaker.
Spelemidlane er det viktigaste verkemidlet for å finansiere anlegg for kultur og fysisk aktivitet.
Tildelinga av spelemidlar vil skje etter ny mal av sak 65/08 i Kulturutvalet, der tildeling på bakgrunn av behov har fått auka fokus. Innføring av momskompensasjon for frivillige organisasjonar kan lette finansieringa av kultur- og idrettsbygg. Mottakarar av spelemidlar er oppfordra til å ta gratis leige for aktivitetar for born og unge. Det skal gjennomførast kurs for kommunane med rådgjeving for bygging av anlegg for kultur og fysisk aktivitet.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
3.1 Utarbeide analyse av behova til innbyggjarane for anlegg innan fysisk aktivitet, friluftsliv og turstiar.
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
Friluftsråda
Frivillige organisasjonar
Reiselivet
|
3.2
Utarbeide samarbeidsløysing for websider med oversikt over turmål i Møre og Romsdal
|
|
3.3
Det er igangsett kartlegging og tilrettelegging av 10 turmål i kvar kommune i fylket
og utgreiing om samanhengande turnett som td. "Postvegen" og EU prosjektet Coast Alive. Minimum tre av desse er universelt utforma, minimum 3 knytt opp til kulturminne og minimum 1 er rundløype etter ”Sognsvannsmodellen”, jf. punkt 5.2.
|
|
3.4
Det er i gangsett eit arbeid med å legge ein strategi for felles skilting av stiar, vegar, løyper og turmål.
|
|
3.5 Gjennom EU-prosjektet Coast Alive skal ein arbeide fram ei ”verktykasse” med tiltak for å redusere barrierar for at folk kan delta i friluftsaktivitetar
|
|
Budsjett for resultatmål 3 i 1000 kr
|
|
|
1 000
|
RESULTATMÅL 4:
Kulturinstitusjonane i Møre og Romsdal skal ha ein framtidsretta struktur, relevant fagkompetanse, tenlege lokale for sine oppgåver og akseptable økonomiske driftsrammer.
Dei profesjonelle kulturinstitusjonane og festivalane er sentrale aktørar og fyrtårni utvikling av kulturfylket Møre og Romsdal. Staten, fylkeskommunen og kommunane er tungt inne på driftsfinansieringa av desse verksemdene, delvis også på eigarsida. Dei offentlege aktørane har difor ei sentral og naturleg rolle også i det å legge til rette for vidareutvikling og knoppskyting. Møre og Romsdal fylke ser det som ei særleg viktig oppgåve dei næraste åra å medverke til at større investeringsprosjekt vert realisert.
Med bakgrunn i fanesaka om ”Kultursekk til barnehagane” vil også fylket vere medspelar til at andre utviklingsprosjekt for barn vert realiserte. Dei profesjonelle kulturinstitusjonane bør t.d. vurdere potensialet for knoppskytingstiltak i ein slik samanheng.
Kulturinstitusjonar, frivillige organisasjonar og kulturskulane er gjensidig avhengige av kvarandre.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
4.1 Møre og Romsdal fylkeskommune si finansiering og medverknad i operahusfunksjonar i Kristiansund og magasin- og formidlingsbygg ved Romsdalsmuseet og Nordmøre Museum er avklara i planperioden
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunar
Staten
|
|
|
|
|
Budsjett for resultatmål 4 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
500
|
RESULTATMÅL 5:
Fleire innbyggjararskal ha kunnskap om og kjenner verdien av å ta vare på kulturarven.
Kulturminne er heilt sentralt når det gjeld å bygge identitet, skape attraktivitet og gi grunnlag for næringsutvikling. Målet er å løyse ut potensialet som ligg i kulturminne og kulturmiljø. Dette kan bidra til kulturell, økonomisk og sosial utvikling i lokalsamfunnet.
Digital formidling og bruk av sosiale medier er svært relevant for å nå ut med informasjon om kulturarven til fleire og nye brukarar. Aktiv bruk av sosiale medier vil også styrke dialogen mellom ABM- institusjonane i fylket, og skape nye møteplassar og nettverk.
For å kunne ha nokon kulturarv å formidle for ettertida, er det naudsynt å utvikle program for skjøtsel og istandsetting av kulturminne. Den nasjonale målsettinga om at ”freda kulturminne skal ha et ordinært vedlikehaldsnivå innan 2020” er sentral. For å nå dette målet, som fylket er pålagt å oppfylle, må fylket utarbeide et ”istandsettingsprogram for freda bygg i Møre og Romsdal”. Dette vil også være et nødvendig virkemiddel for å få hand om nødvendige statlige tilskot til restaurering.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
|
Kommunane
Møre og Romsdal fylkeskommune
Frivillige organisasjonar
Musea
|
|
Institusjonane
MR fylkeskommune
Interkommunalt Arkiv (IKA)
|
5.3 Det er tilrettelagt med skjøtsel og informasjon av minimum tre freda kulturminne i kvar kommune – minimum to av desse skal inngå i eit nettverk av turstiar (jf. punkt 3.3)
|
|
5.4 Utgreiing av istandsettingsprogram for freda bygg i Møre og Romsdal er gjennomført, med forslag til finansiering og gjennomføring
|
|
Budsjett for resultatmål 5 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
|
RESULTATMÅL 6:
Viktige delar av kulturarven skal digitaliserast, og det skal utviklast felles infrastruktur og strategiar for nettbasert formidling og informasjon.
Spreidd rundt i ulike institusjonar og samlingar i fylket finst mengder av materiale som ventar på å bli gjort tilgjengeleg for eit breitt publikum. Dette gjeld både bøker, arkivmateriale, foto, lyd og gjenstandar som er av stor allmenn interesse. Møre og Romsdal har kome svært kort i arbeidet med digitalisering av kulturarven, og det er behov for både kartlegging, plan og strategiar for etablering av samordna tenester på dette området.
St.meld.24 (2008-2009) ”Nasjonal strategi for digital bevaring og formidling av kulturarv” legg sentrale føringar , men har lite fokus på det regionale, og dette styrkar behovet for strategiar og handling på dette området i Møre og Romsdal.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
6.1 Handlingsplan for digitalisering og nettbasert samarbeid i ABM-sektoren har vore på høyring og er politisk handsama
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
ABM-institusjonane
IKA
|
6.2 Regional ABM-konferanse er arrangert med hovudtema digitalisering i eit regionalt perspektiv
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
IKA
ABM-utvikling
|
6.3 Regionalt digitaliseringssenter er etablert i Ålesund med utstyr og personale
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
ABM-institusjonane
IKA
|
6.4 Den lokalhistoriske registerbasen MøreRom er etablert;- som ein dugnad mellom folkebiblioteka i fylket
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
6.5 Tilgangen til dei mikrofilma skifteprotokollane på internett er auka ved at Skifteregister for Sunnmøre er gjort søkbart
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
Budsjett for resultatmål 6 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
400
|
RESULTATMÅL 7:
Biblioteka i Møre og Romsdal skal dekke innbyggjarane sine behov for eit breitt spekter av bibliotektenester.
Innsatsen på bibliotekområdet i 2009 er vald med tanke på å styrke biblioteka på område der det er store udekka behov, og elles som ei oppfølging av fylkesplansatsinga i 2009. Regionalt samsøk gjev søketilgang i alle biblioteka sine mediakatalogar, og ei naturleg vidareføring for full effekt av dette vil mellom anna vere ei regional transportordning.
Skolebiblioteka treng ytterlegare styrking, og for 2010 vil fokus bli lagt spesielt på opplæringstilbod til skolebibliotektilsette utan fagutdanning på ungdomstrinnet
Biblioteka treng generelt støtte til profilering og marknadsføring, og vidareføring av arbeidet med felles grafisk profil vil omfatte både produktutvikling, kompetanseutvikling og arbeid med biblioteka sine tilbod og tenester. Dette er område dei enkelte bibliotek slit med å utvikle åleine, og svært relevant for prosjektbasert partnarskap på fylkesplan.
Auka fokus på biblioteka sine digitale tenester krev vidare kompetanseheving og den vellukka satsinga med e-læringsprogrammet 23 ting om 2.0 frå 2009 må vidareførast, mellom anna med å stimulere aktive folkebibliotek til ”produktutvikling” av digitale tenester som kan delast av mange.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
7.1 Tilgangen til den samla mediamengda i fylket er betra gjennom oppretting av regional transportordning og auka samarbeid mellom biblioteka i Møre og Romsdal
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
7.2 Folkebiblioteka er gjort meir synlege gjennom felles grafisk profil, marknadsføringsprodukt og fokus på tilbod, innhald og service
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
7.3
Kompetansen ved skolebiblioteka i grunnskolen er styrka gjennom regionale kurs for dei skolebibliotektilsette
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
7.4
Folkebiblioteka har vidareutvikla rolla som tverrkulturell møteplass gjennom ny informasjon og kompetanseheving av bibliotektilsette
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
7.5
Biblioteka har styrka sine tenester med digital formidling og kommunikasjon gjennom kompetanseheving og regional ”produktutvikling” av digitale bibliotektenester
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
Budsjett for resultatmål 7 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
500
|
RESULTATMÅL 8:
Det skal leggast til rette for møte mellom innbyggjarane i fylket og profesjonell kunst- og kulturformidling av høg kvalitet.
Høgskulen i Volda har oppretta ei eiga avdeling for kulturfag. Satsinga på kunst og kultur i opplæringa er viktig for vidareutvikling av kulturlivet i fylket. I tillegg er kulturopplevingar med profesjonelle utøvarar blitt ein del av skulekvardagen. Dette stiller krav til samarbeid mellom kunstfagleg og barnefagleg kompetanse. Samspelet mellom kultursektoren og utdanningssektoren skal prioriterast både regionalt og
i dialog med det nasjonale nivået.
Fanesak: I løpet av planperioden 2009 – 2012 skal alle aktuelle barnehagar ha fått tilbod om kultursekk.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
8.1 Piloten Kultursekk for barnehagar i 9 kommunar er gjennomført, og vidare planlegging for dei resterande kommunane er gjennomført
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
8.2 Utvikle arrangørkompetanse i skolen gjennom prosjektet ”Elevar som arrangør”. Gjennomføre tre kursrekkjer i ungdomsskolane.
|
Rikskonsertane
Musikk i skolen
Møre og Romsdal fylkeskommune
kommunane
|
8.3 Vidareutvikle ”kulturrabatt for ungdom” med målsetjing om auka breidde i tilbodet og til å omfatte fleire ungdomsgrupper
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
KKD
Kulturinstitusjonane i Møre og Romsdal
|
8.4 Oppmode kommunane til å engasjere dei profesjonelle aktørane i kultursekken til andre oppdrag i kommunen
(Rikskonsertane sitt Flerbruksprosjekt)
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
Rikskonsertane
Arrangørar
|
Budsjett for resultatmål 8 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
1 200
|
RESULTATMÅL 9
Fylket skal ha ei leiande rolle i koordinering og utvikling av fysisk aktivitet og friluftsliv.
Undersøkingar syner at friluftsliv og kvardagsrørsle som t.d. transport til og frå skole/arbeidsplass, er dei største kjeldene til fysisk aktivitet i befolkninga. Historisk har ikkje bygging av anlegg for fysisk aktivitet og kultur alltid stått i samsvar med behovet i befolkninga. Derfor er det særs viktig å sjå kritisk på kva for etableringar som skaper størst aktivitet, trivsel og folkehelse. Det er eit stort potensiale for regional utvikling av friluftsliv både for innbyggarar og tilreisande. I dag er det ikkje nokon som har eit koordinerande ansvar for samhandling og vidareutvikling på området.
Det vil vere eit mål å formidle særpreget ved kystlandskapet og nytte dette aktivt i utvikling av tiltak innanfor friluftsliv. Friluftsinteressene må sikrast på ein god måte i samband med arealplanlegging.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
9.1
Vidareutviklinga av "Ut i sekken" er førebudd, med utarbeiding av malar for uteskule og regional kursing av skulane i uteskulepedagogikk.
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
9.2
Det er starta opp arbeid med etablering av Frisklivssentralar i Møre og Romsdal
|
|
9.3 Resultata av
undersøking om fysisk aktivitet i samarbeid med NTNU skal bli gjort kjent og leggast til grunn for planlegging og strategiarbeid for fysisk aktivitet
|
|
9.4
Det er sett konkrete målsettingar for at transportreiser under 3 km skal skje til fots, sykkel eller med kollektivtransport i samarbeid med nokre utvalde kommunar, jf. klimaplan og gang- og sykkelstrategi.
|
|
9.5 Utvikle rutinar for ivaretaking av areal for friluftsliv i kommunal og fylkeskommunal planlegging
|
|
Budsjett for resultatmål 9 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
500
|
RESULTATMÅL 10:
Det skal etablerast nettverk og strukturar som skaper vekst og utvikling innanfor det visuelle kunstfeltet.
I eit samarbeid mellom kunstmuseet KUBE og Møre og Romsdal kunstnarsenter tek Møre og Romsdal fylkeskommune ansvar for å etablere nettverk og samarbeidsstrukturar med dei lokale kunstforeiningane. Slike strukturar bør også utviklast mellom dei lokale kunstforeiningane.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
10.1 Sette fokus på det visuelle kunstfeltet i tettstadsutvikling
|
|
10.2 Oppfordre kommunane til auka bruk av kunst til utsmykking av offentlege rom
|
|
10.3 Vidareføre ordninga med kunstnarstipend
|
|
10.4 I samarbeid med SEANSE vil ein stimulere til at lokale kunstnarar produserer visuell kunst for kultursekken
|
|
Budsjett for resultatmål 10 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
300
|
RESULTATMÅL 11:
Det skal etablerast eit rettleiings- og verkemiddelapparat for kulturnæring og kultur- og naturbasert næringsutvikling, med hoppid.no-standard.
Kulturbaserte næringar spelar ei stor rolle i lokal og regional utvikling: Dei er verdiskapande og skaper store synergieffektar i samspel med andre næringar. Ein stadig større del av økonomien er knytt til varer og tenester som skal gje opplevingar og skape identitet. Her er kulturnæringane sentrale. Design, kunst og kultur, underhaldning og opplevingsindustri er blitt viktige delar av økonomien, både i Noreg og internasjonalt.
Det er eit stort behov for etablerarkunnskap, forretningskompetanse og systematisk rettleiing innanfor kulturnæringsområdet. Etablering av ”kultur-Hoppid.no-kontor” etter mål av hoppid.no-satsinga vil vere eit sentralt mål i fylkesplanperioden.
INNSATSOMRÅDE m. ARBEIDSMÅL FOR 2010
|
ANSVARLEG
|
11.1 Det er gjennomført ei undersøking om behov hjå etablerarar frå kulturbaserte næringar
|
Møre ogRomsdal fylkeskommune
KU og RN
|
11.2 Ein har auka kompetansen til hoppid.no-kontora om kulturnæringane og gjeve dei verkty for å auke talet på kultur-næringsetablerarar
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
Kommunane
|
11.3 Det er utforma eit program for satsing på kultur-næring i Møre og Romsdal fylke
|
|
11.4
Senter for kulturproduksjon i Volda, SEANSE, er blitt ein nasjonal arena for å lage produksjonar til den kulturelle skulesekken
|
|
11.5 Ein har etablert Næmingeordninga som ei fast ordning
|
|
11.6 Verdiskapingspiloten Atlanterhavsvegen Bud-Kristiansund (ABK) avsluttast hausten 2010. Gevinstrealisering og læringsoverføring frå ABK er teke i vare. Sluttføring av ABK-tiltak og –satsingar vil foregå over ein utvida periode 2011-2012
|
|
Budsjett for resultatmål 11 i 1000 kr
|
|
Møre og Romsdal fylkeskommune
|
4 300 *
|
* Her er nytta 3.5 mill frå regionale utviklingsmidlar og 0.8 mill frå driftsramme (kultur-næring og ymse
)