Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga

Konsert på Haukly 2 oktober

                  

 

 

HEIMAFRÅ

Ingebjørg Bratland & Odd Nordstoga

 

"Kva med eit folkemusikkfundert prosjekt" tenke Odd Nordstoga. Kven kan eg gjera noko slikt med?

Ein vakker vårdag for eit par år sidan tok Ingebjørg Bratland vegen opp til Lambertseter i Oslo, opp på musikkloftet til Odd. Og her byrja songane å trille fram. Den fyrste songen som vart prøva var Jørund Tellnes si tekst "Å bån og veslegut". Med kvar sin gitar og to songstemmer vart eit enkelt opptak gjort. Det var noko med dette opptaket. Veldig fint var det. Berre to songstemmer og eit enkelt akkompagnement. Trong ikkje meir.

Folkemusikkprosjektet "Heimafrå" vart fødd.

Ingen band, ingen strykearrangement. Så enkelt som det kan gå an - berre bruke av dei songane som utgjer det musikalske jordsmonnet der dei begge to kjem ifrå, nemleg Vinje. Og det er eit godt jordsmonn; Vest-Telemark er av dei rikaste folkemusikkdistrikta i landet. Så der er mykje å ta av.

Albumet "Heimafrå" inneheld nokon av desse songane, og kjem 1. mars. Turnéplanane byrjar å ta form – heile 100 stader i vårt langstrakte land, også dei utanfor allfarveg, vil bli vitja av spelemannen Odd saman med Ingebjørg - som med si særprega stemme av ein heilt spesiell kvalitet trollbind alle som kjem i hennar veg. Deg og.

Heimbygda Vinje er eit sjølvsagt val for turnéstarten 8. mars. Med seg på denne reisa har dei bassist Gjermund Silset. Og sin kjærleik til musikk.

 

www.heimafrå.HYPERLINK "http://www.heimafrå.no/"no
/ Facebook Heimafrå
Kjøp bilett her

http://www.billettservice.no/event/399645

 Bilettsalget har starta Vi selger billettene via billettservice. Dei kan og kjøpes via posten, narvesen, 7-11, på nett og via telefon
Kjøp deg billett no .
http://www.billettservice.no/event/399645
Du kan og ringe Billettservice på 81533133

Vi sel ikkje biletter på Haukly