Kultur/lagsarbeid
Kultursekken
Alle skal eige Kultursekken"

Nettverksmøte for kommunekontaktane, kulturkontaktane og deltakarane i lokale kulturforum i Møre og Romsdal
Vi som arbeider med Kultursekken kvar dag her i fylket vil veldig gjerne treffe dykk!
Vi planlegg no å reise rundt i fylket vårt i løpet av april og mai for å treffe så mange som mogleg av dei som arbeider med Kultursekken i kommunane og i skolane.  Vi ønskjer også å møte folk frå kulturskole, bibliotek, kyrkja, museum og andre kulturinstitusjonar. Anten du har funne ein plass i eit lokalt kulturforum eller du ønskjer ein slik plass så er du velkommen til møta!

Vi legg opp til regionvise møter, i alt sju stader i fylket. Meld deg på den dagen som passar best :
http://www.mrfylke.no/Tenesteomraade/Kultur/Nyheter/Alle-skal-eige-Kultursekken